top of page

om farfars.

DSC_9593.jpg

Farfars AS er eit produksjonsselskap som held til i farfar sitt gamle hus på vestkysten av Norge, ved Klavefjorden i Brandsøya. Vi let oss inspirere av farfar og alle historieforteljarane før oss.  

Vi i Farfars deler ei djup stadkjensle og -tilhøyrsle, vi bryr oss om framtida og har eit sterkt driv for å dele historier. Historier som gir oss noko å bry oss om, som fører oss nærmare kvarandre og verda rundt oss. Vårt mål er å engasjere folk til å dele av sin kunnskap og fortelje historier som gir oss eit annleis eller nytt perspektiv. 

team.

Gründerane bak Farfars, Siri Linn og Suneeta, både regisserer og produserer, og drøymde opp Farfars etter at dei var ferdige å studere visuell antropologi ved Granada-senteret på universitetet i Manchester. Siri Linn er utdanna visuell antropolog og journalist, og Suneeta kom til Farfars som eksperimentell filmskapar og antropolog.

 

Lasse Pedersen er ein skogens mann som har spesialisert seg i digital kultur. Han debuterer også som regissør hos Farfars med dokumentarfilmen Å danse mellom ulver og bønder.

 

Nestoras Nestoros, skribent og regissør, bistår Farfars som rådgivar og konsulent, og har støtta oss sidan Sunken Bank Collective sin spede start i 2015.

 

Jan Are Brandsøy er styreleiar og Farfar sin største støttespelar, samt ein historieforteljar på sin måte.

Inspire. Discover.

A New Perspective.

bottom of page